|
Aktivitetar |
 |
 |
|
Laksefiske
Bondalselva
ligg like ved campingplassen, og fiskekort kan ein få
kjøpt i resepsjonen. Sesongen er normalt 15 juni t.o.m. 31
august.
|
|
 |
 |
|
Båtutleige
Hjørundfjord Camping har
fleire småbåtar for utleige. Hjørundfjorden er ein av
landets beste fiskefjordar.
|
|
 |
 |
|
Fjellturar
Sunnmørsalpane byr på eit
eldorado for alle former for fjellturar. Her er merka
turstiar for alle nivå.
|
|
Paragliding
Volda og Ørsta Himmelseglarlag har fleire hoppstader i distriktet, og
har også tandemturar og paragliderkurs. Kontakt
Himmelseglarane for meir informasjon.
|
|
Bading
Badestrand i gangavstand frå
campingplassen.
|
|
Ball-leik
Ballbinge, fotballbane og
handballbane rett ved plassen.
|
|
Dans /restaurant
Hotell Sagafjord ligg ca 200
m frå campingplassen, med god mat og dans kvar kveld om
sommaren.
|
|
Bowling
Ørsta Bowling har ny og
moderne bowlinghall i Ørsta sentrum med 8 baner
|
|
 |
 |
|
Ski
Om vinteret er området eit
eldorado for ski og skileik i alle vanskelegsgradar, med
mange fjelltoppar og gode skianlegg. |