attraksjonar
attraksjonar
Hjørundfjorden
Perla blant fjordane. Fjorden skjer seg 35 km gjennom landet og er innrama av ein taggete mur av lodrette fjell. I ei høgd av 1200- 1600 m.o.h. står fjella som kjempestatuar.


Sagafjord Hotell
Omlag 300 meter fra campingen ligg Sagafjord Hotel der man kan nyte en bedre middag med fantastisk utsikt over fjorden

Rekkedal Gjestehus
Med mottoet «Når eit måltid er meir enn å verte mett» tek Bjarne og Margrethe deg i mot på ein gamal slektsgard med historiske bygningar
heilt tilbake frå 1500-talet. http://www.rekkedalgjestehus.no/

Norangsdalen/Dronningruta
Eit av dei trongaste dalføra i Noreg, med mellom anna Lygnstøylvatnet, som vart til då eit ras demde opp elva i 1908. Ein kan enda sjå hustuftene på botnen av vatnet. Ved Skylstad kjem ein inn i ein naturkatedral, «bygd» av tindar som Skruven, Slogen, Litlehorn, Smærskredtindane og Jakta. Sju europeiske dronningar har teke turen gjennnom Norangsdalen.
Hotell Union Øye er attraksjon i seg sjølv, gjenskapt slik det stod ferdig i 1893. Mange storheiter har besøkt dette unike hotellet.
Bjørdalsvatnet, "Huldrestien"
Flott naturområde og ein fin familietur både med sykkel eller barnevogn. Rikt fugleliv

Ivar Aasen tunet
Heimplassen til diktaren og språkforskaren Ivar Aasen, med nytt og spanande kultursentrum for nynorsk språk og skriftkultur.

Som utgangspunkt
Hjørundfjord Camping eit flott utganspunkt for dagsturar til blant anna desse kjende stadane:
Geiranger
Briksdalen
Ålesund
Trollstigen
Runde
Atlanterhavsparken







Brudavolltunet med meir
Brudavolltunet er eit bygdemuseum med natur- og kultursti


